Giugliano in Campania
Giugliano in Campania | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land Region Provins |
Italia Campania Napoli | |
Grunnlagd | 421 fvt. | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
94 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2005) - folketettleik |
105 951 1127/km² | |
Koordinatar | 40°56′N 14°12′E / 40.933°N 14.200°E | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 80014 | |
Telefon-retningsnummer | 081 | |
Nettstad: www.comune.giugliano.na.it |
Giugliano in Campania er ein by i provinsen Napoli i regionen Campania i Italia og har om lag 105 000 innbyggjarar.
Historie[endre | endre wikiteksten]
På 400- og 300-talet fvt. vart området rundt Giugliano busett av oskarar. I følgje segna vart byen grunnlagd av ei gruppe kolonistar frå Cuma i 421 fvt. som kalla han Lilianum («Liljelandet»). Byen vart verande ein liten by fram til 1207 då Cuma vart øydelagd av napolitanarar. Innbyggjarar i den byen, inkludert prestestanden, søkte tilflukt i Giugliano. Dei første dokumenta som nemner eit len i Giugliano er frå 1270.
Av herrar i byen finn ein (i rekkefølge) Vulcano, Filomarino, Pignatelli, D'Aquino, Pinelli og Colonna.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Giugliano in Campania» frå Wikipedia på engelsk, den 16. desember 2007.