Kartverkets 25 faste vasstandsmålere registrerar vasstanden kontinuerleg. Du kan sjekke vasstanden og varsel for tidvatn der du er på Se havnivå.

Last ned Tidevannstabeller for 2017

Last ned «Tidevannstabeller for den norske kyst med Svalbard, samt Dover, England. 80. årgang 2017» (pdf 2 MB), i oppdatert versjon fra 5. desember 2016 er i eksempeltabell A side 13 retta opp.

Publikasjonen «Tidevannstabeller for den norske kyst med Svalbard» gjev høgde og tidspunkt som høyrer til, for alle høg- og lågvatn i 17 standardhamner og cirka 200 sekundærhamner. Denne oppdaterast for eitt år om gongen, og publiserast i hausthalvåret. Tabell for tidvatn for Dover, England, er også med.

Frå og med 2015-utgåva vil ikkje publikasjonen lenger bli trykt og vil derfor heller ikkje vere tilgjengeleg for sal via Kartverket.

Den offisielle tabellen for tidvatn

Kartverket sine tabellar for tidvatn, utarbeidt av sjødivisjonen, er den offisielle og gjev både høgder og tidspunkt for høg- og lågvatn. Alle høgder referer til sjøkartnull. Standardhamnene har tilknytt ei eiga skisse med dei viktigaste nivåa for tidvatn. Publikasjonen gjev også ei forklaring på tidvatnfenomenet.

Vasstandsmålarar

Data frå våre faste vasstandsmålarar overførast via mobilnett til sjødivisjonen i Kartverket, kor dei går gjennom ein kvalitetskontroll før dei lagrast i ein database. Overføringane skjer to gonger i timen, og omtrent samtidig er 10-minuttdata tilgjengeleg på nettenesta Se havnivå.

Mobile vasstandsmålarar

I tillegg til dei faste vasstandsmålarane utfører Kartverket vasstandsmålingar for kortare tidsrom på ei rekkje stadar langs kysten. Etter kvart har vi fått ei oversikt over variasjonane langs kysten, slik at vi kan finne vasstanden på dei fleste stader ved å korrigere målingane frå dei faste stasjonane.

Les meir: Slik fungerer vannstandsmålerne

Grunnlag for våre kart

Kartverket bruker vasstandsmålingar til å korrigere djupnemålingane slik at alle djup i eit sjøkart har same nullnivå, det sokalla sjøkartnull. Analysane av vasstandsmålingane gjev oss grunnlaget til å lage tabellar for tidvatn.